lørdag 27. mai 2017

Kom mai du skjønne milde

For meg er mai konfirmasjon, og feiring av nasjonaldagen. Eg er så priviligert at eg får selje ein del av korta mine, så mai er difor ein av dei travlegaste månadane i hobbyrommet mitt.

Eg har endeleg fått meg ein dise, som eg kan lage bunda med. Eg veit at Papriplaneten held til i Sogndal, og at det burde vore ein sogne bunad, men eg er sunnfjording, og då blir bunaden deretter.

Å pynte eit kort med bunad på, bydde på utfordring. Eg er veldig glad i blomster, men syntes at bunaden var så fin i seg sjølv, at eg ikkje kunne "drukne" den i anna pynt. Difor er kortet litt enklare/reinare en det brukar, når det kjem frå meg.

Du har framleis nokre dagar igjen av mai, og utfordringa vår. Om du let deg inspirere av sangen, eller av fargane i flagget vårt, er heilt opp til deg.


Klem DT-Anita

1 kommentar: